Ord nytta i stadnamn

 f = ei, hokjønn; m = ein, hankjønn; n = eit, inkjekjønn

norr = norrøn ordform
Mykje brukte bøker:
NnO = Nynorskordboka
NO = Norsk Ordbok I-XI
Torp 1919: Nynorsk etymologisk ordbok
Venås 1977: Hallingmålet
Informantar: OE = Ola Ellingsgard f. 1920; LO = Lars Opsata f. 1899.
 
* aukna v: aukast, veksa
* auknad m: tilvokster 
Litteratur: Indrebø 1933:8, viser til NoB 1928:175.
NAMN: Øknidn
 
* bakke m: jf. moldbakke, sandbakke
 
* bank m: langstrekt opphoping utover vollen, sandbanke, moldbanke
Bøying: 'bangkæn - på 'bangKi - alle "bangkad'n - på "bangko
NAMN: Bankan, Banken, Moldbanken
 
* baun m: varde, vete
NAMN: Baunedalen (?)
 
* baust m: lyster, gaffel til å fange fisk med
Bøying: ein båust - 'båust'n - fleire "båusta
NAMN: Bausta (fiskevatn)
 
* beit f: ris, kvister brukt til fôr
NAMN: Beithovdstølen
 
* bekar m: sauebukk
NAMN: Bekrekveni
 
* bekk  m: rennande vatn
Bøying: ein bækk - den 'bækkæn - i 'bæKKi - fleire "bæKKi - alle "bæKKid'n - i "bækko
OE: Ein bekk er mindre enn ei grov
NAMN: Smiubekken
 
* botn m: rundaktig senk i landskapet. som liknar ei skål. Tydelegar og meir avgrensa enn ei dokk, men ikkje skilje i storleik (LO).
Bøying: ein bått - den bått'n - i 'båtte - fleire "båttna
NAMN: Botten, -botnen, Hestebotten, Kyrbotnan
 
* braud f: ?
NAMN: Hovebraude? Øvre og Nedre Braudde.
 
* braut f: veg, særleg om veg som er graven inn i ein bakke
Bøying: 'bråute - på bråut'n
NAMN: Brauti, Brautevegen
 
* brede f: høgt fjell (som er kvitt?)
Bøying: ei "bræ:æ - den "bræ:a - fleire "bræ:u - alle "bræ:ud'n
NO I 882: breda v: skina med ein kvit lét liksom snø.
Torp 1919:39: kanskje ei avleiing til breid.
NnO: ei snøbre som ikkje brånar om sumaren, er ei fonn.
NAMN: Bredaranden, Lauvdalsbreda, Djupsbreda, Langebreda, Veslebreda
 
* brekke f, brekk f: bakke, særleg mellom ei høgare og ei lågare flate (NSL); 
Bøying: ei "brækkæ - den "brækka - fleire "brækku - alle "brækkud'n - på "brækko
KOMM: brukt om eit "brekk" i terrenget (OE). Blir «jevnlig forkortet» til brekk  (NG V 140).
NAMN: Brekkun, Fossebrekka, Hestebrekk, Urdsbrekka
 
* brenn f, brenne f: avsvidd jordstykke
Bøying: alle "brænnudn, i "brænno
NAMN: Høgebrenna, Storebrenna 
 
* brot n: øvre delen av ei li  (OE); der det er ein liten knekk, og det endrar seg frå bratt til flatt (OE).
Bøying: 'brå:tæ - i "brå:te
NAMN: Juvebrotet, Hallebrot, Mebrotet
 
* bru f: byggverk som lagar veg over ei hindring, som elv og innsjøar.
Bøying: ei bru - 'brue - fleira 'bry:na - alle 'bry:nan - i 'bry:no
NAMN: Brubakken, Bruin ['bry:nan]
 
* deild m: del, stykke (÷ Venås)
Jf. mardeld (markdeld?): deleline mellom eigedomar (Venås 1977:29)
NAMN: Mardeildshovda (markdeild?)
 
* demme f: liten dam (Venås 1977); vatn på isen, men helst i veg, jf. vassdembe (OE)
Bøying: ei "dæmbæ - fleire "dæmbu
NAMN: ÷ namn
 
* dike n: blautmyr
Bøying: eit "di:Ki - det "di:ki - fleire "di:Ki
Lars Opsata: Eit myrdiki er ei myr med mykje søle og vatn.
NAMN: Hellediket, Rovetrolldiket
 
* dile f: våt, fuktig flekk særleg på åker; kulp i myr eller åker
Bøying: ei "di:læ - den "di:la - fleire "di:lu
Ola Ellingsgard: løk i ei myr, men ordet ikkje mykje brukt.
NAMN: Dila
 
* dokk f: søkk i lendet; ei ikkje langstrekt hole; kvelv som ei halvkule
Bøying: ei dåkk - den 'dåKKi - i 'dåkkæn - fleire 'dækka - alle 'dækkad'n - i 'dækko
Lars Opsata: ordet mest brukt om stader under tregrensa.
NAMN: Dokken, Dekko, Langedokk
 
* drette n: det å dra, draging (NO har mange tydingar;  ÷ Venås)
NAMN: Geitemyrdrettet
 
* dulpe f: blautmyr
Bøying: ei "duLpæ - den "duLpa - fleire "duLpu - alle "duLpun
NAMN: ÷ namn
 
* dysse f (disse): blautmyr
Bøying: ei "dyssæ/"dysju - den "dyssa - i "dyssun/"dysjun - fleire "dyssu - alle "dyssudn
Ola Ellingsgard: ei dysse er våtare enn ei hengemyr.
Lars Opsata: ei dysse er brukt om grunn som dissar, om eit blautt vegstykke
NAMN: Dyssa, Prestedyssa, Primdyssa
 
* dæle f: langstrekt søkk i lendet, liten dal, dokk (OE)
NAMN: ÷ namn
 
* døl f: liten dal, dokk, dæld (Venås 1977:88)
* døle f: strid elv (NO II 349)
NAMN: Dølahaugen, Fagerdøla (elv), Lauvdøla (elv), Ridøla (elv)
 
* eikre f, ekre f: attlagd åker, avleiing av ordet åker (Torp 1919)
Bøying: ei "æikræ - den "æikra - i "æikrun - fleire "æikru - alle "æikrud'n - på "æikro
NAMN: Eikrun, Øvrelueikra
 
* evje f: straumdrag som går mot hovudstraumen eller i ring i elv eller sjø; straumkvervel (NO).
Bøying: ei "ivjæ/ævjæ - "ivja - i "ivjun - fleire "ivju - "ivjud'n
NAMN: Ivjun, Evjen
 
* fen n, f: blautmyr  som er vond å fara over; vass-sjuk jord  (NO)
Bøying: ?
Aasen: svartfenu ʻmyr utan grasʼ
NAMN: ÷ namn
 
* fet f, m: liten grasslette; grasslette ved vatn (Venås s. 65,90)
Bøying: fe:t - 'fe:t'n - på 'fe:te - fleire "feKa; "fe:ta - alle "fe:Kad'n - på "fe:Ko
Venås s. 90: hokjønnsordet fet har vorte hankjønnsord i hallingmålet.
NAMN: Feten, Bleikefeten (her veks det finntopp)
 
* fjell n:
Bøying: dativ: i "fjælle - i "fjællo
OE: tyder både 1) fjell og 2) beiteområde i fjellet. Jf. uttrykket «væra i fjælle», dvs. vera på støle.
NAMN: Storefjellet
 
* fjord m: innsjø (særleg på Austlandet)
NAMN: Tingvollfjorden
 
* flat f, flate f: flatt lende
Bøying: fLa:t - 'fLa:te - på 'fLa:t'n - fleire "fLa:ti - alle "fLa:tid'n - på "fLa:to
Ola Ellingsgard: ei flat bruke me om einannan med flot f.
NAMN: Flatin, Finntoppflati, Flateeikra, Flathagen
 
* fleke m: stripe eller flekk av berr mark i snøløysinga om våren (NO)
Bøying: ein "fLe:Kæ - alle "fLe:Kad'n - på "fLe:Ko
I stadnamn brukt om skogsnaue stykke (÷ Venås)
NAMN: Flekan
 
* flet f: sjå flæt
 
* flog n: hengjebratt fjellside; bergstup (NO)
Bøying: eit fLå:g - fleire "fLå:ji - på "fLå:go
NAMN: Flogi
 
* flot f: flatt lende, flatt jordstykke
Bøying: ei fLå:t - den 'fLå:te - på 'fLå:t'n -  fleire "fLå:ti - alle "fLå:tid'n - på "flå:to
Ola Ellingsgard: ei flot bruke me om einannan med ei flat.
NAMN: Floti, Fetaflotin.
 
* fly f: vid og fuktig slette; fjellslette (Torp 1919)
Bøying: ei fLy - på "fLy:o
Lars Opsata: ei fly er ei flat vidde, gjerne våtlend.
NAMN: Fly, Flyo
 
* flæ, flæe f: vid og bar flate, truleg avleiing til flå (Torp 1919)
Bøying: ei fLæ: - 'flæ:e - på fLæ:n - fleire "fLæ:i - alle "flæ:id'n - på 'fLæ:no
OE: det er namn på nokre store hengemyrar der det er uframkomeleg
NAMN: Flævatnet, Flævegen, Vesleflæi
 
* flædd f: vid flate eller skråning (Venås 1977:88)
Bøying: ei fLædd - alle "fLæddid'n
Namn: ÷ namn
 
* flæt, flet f: flate i lendet, flat mark (NO 2:1514)
Bøying: ei fLæ:t - den 'fLæ:te - på fLæ:t'n
Namn: Storeluflæti 
 
* flå f: vid flate, vidde (Venås 1977:93)
Bøying: ei fLå - 'fLå:e - fleire 'fLæ:na - alle 'fLæ:nad'n - på 'fLæ:no
Namn: Flæno, Flænan, Flågrunnan
 
* gald m: grunn bakke (Venås 1977); hard, stampa grunn (Torp 1919)
Bøying: ein gald - den 'gald'n - på 'galde - alle "galdad'n - gå "galdo
OE: fjellrygg med vegetasjon, eit lite brukt ord no.
Namn: Galdane, Galdenosi
 
* gard m: bustad med hus og dyrkingsjord (NyO)
Bøying: ein ga:L - den ga:N - fleire "ga:La - alle "ga:Lad'n - i "gå:Lo
Namn: Garden, Uppigarden
 
* garde m: inngjerda stykke
Bøying: ein "ga:Le - den "ga:Len - fleire "ga:La - alle "ga:Lad'n - i ga:Lo
Namn: Grisegarden, Humlegarden, Kalvegarden
 
*geil f: (krøter)veg med gjerde på begge sider (NnO)
Bøying: ei jail - 'jaile - i 'jail'n - fleire "jaili - alle "jailid'n - i "jailo
Ola Ellingsgard: namn på nokre røyser der det går ein veg mellom
Namn: Geilo, Sundregeilin
 
* gidde f: smal plankebru (Venås 1977:96)
Bøying: ei "jiddæ - den "jidda - på "jiddun
Namn: Bustegidda (bru nær Busteteigen)
 
* gjenge n: der noko går (Torp 1919)
Bøying: eit "jængi - det "jængi
Ola Ellingsgard: det er reinsgjenge og grasgjenge
Namn: Gjenga, Djupsgjenget, Reinsgjenget, Storegjenget, Veslegjenget
 
* gjerde f: noko som er inngjerdt (Venås 1977:96)
Bøying: ei "jæLæ - "jæ:La - i "jæ:Lun - fleire "jæ:Lu - alle "jæ:Lud'n - i "jæ:Lo
Ola Ellingsgard: inngjerdt stykke av ulike slag, jf. slåttegjerde, driftegjerde osv.
Namn: Gjerda, Skomakargjerda
 
* gjetsle f: det å gjete, fe som blir gjett i lag
NAMN: Nygjetslun
 
* gjote, gjøte f: langstrekt hole (OE)
Bøying: ei "jø:tæ/"jø:tu - den "jø:ta - i "jø:tun
Venås 1977:95: myrejøtu ʻlangt myrsøkkʼ
OE: Langegard i Vats vart før kalla Langejøta.
Namn: Gjøta, Slåttegjøta
 
* glenne f: opning i skogen
Bøying: ei "gLænnæ - i "gLænnun
Namn: Fugleglenna, Glennestølen
 
* gorr f: gjørme
NAMN: Gorrmyri, Gorrtjørni
 
* grande m: sandbanke eller grasbakke ved elv (Torp 1919)
Bøying: ein "grande - den granden - fleire "granda
OE: jf. steingrande, sandgrande
NAMN: Granden, Steingranden
 
* grasing f: der dei samla for, utslåtte  (OE)
Bøying: ei "gra:sing - den "gra:singi - i "gra:singæn - fleire "gra:singa - alle "gra:singad'n - på "gra:singo
NAMN: Grasingi, Selsgrasingan, Gras(n)ingsberget
 
* greft f: grav, gravstad (Venås 1977:88)
Bøying: ei græft - fleire "græfti - alle "græftid'n - på "græfto
NAMN: Greftin
 
* grend f: skulekrins, bedarlag (Venås 1977:88)
Bøying: ei grænd - den 'grænde - fleire "grændi - alle "grændid'n
NAMN: Nosgrendi, Tveitegrendi
 
* grov f: stor bekk
Bøying: ei gro:v - den 'gro:ve - i 'gro:væn - fleire 'grø:va (norr. gróf f)
OE og LO: ei grov er større enn ein bekk.
NAMN: Fiskegrove, Ælinggrove
 
* grufse n: eit ulendt og steinut område
Bøying: eit gruffse -
OE: ordet helst brukt i samband med slått, der det var ilt å slå og raka.
NAMN: Oregrufse
 
* grumme f: eit svært ulendt område, kupert søkk
Bøying: ei "grummæ - den "grumma - i "grummun - på "grummo
OE: sy grummo er det grov stein og noko nifst.
NAMN: Grumma, Grummeberget
 
* gryfse f: ujamt og steinut lende
NAMN: Gryfsun
 
* grynsle f: stad med grunt vatn, der ein kan gå over (LO)
Bøying: ei grynsle - fleire "grynslu
NAMN: ÷ namn
 
* gryvle n: steinut lende i innmark
NAMN: Gryvlet, Steingryvlun
 
* grøde f: grasflekk som vert tidleg grøn om våren (LO)
Bøying: ei grø:u - den "grø:u - fleire "grø:u
LO: jf. ordet vårgrøtt ʻder det gror tidlegʼ.
NAMN: Storegrødu
 
* gutu f: veg, veg med gjerde på sidene
Bøying: ei "gu:tu - den "gu:tu - i "gu:tun
NAMN: Gutu, Fekjastølgutu
 
* hall f: skråning, hallande lende, helst i utmark (OE)
Bøying: ei hall - den 'halle - fleire "halli - alle "hallid'n - i "hallo
Norrønt hallr m
NAMN: Hallin, Stølshallin, Nordi Hallo, Hellan!
 
* hals m: innsnevring av land eller vatn (OE)
Bøying: ein hals - alle "halsad'n
NAMN: Halsan
 
* hamar m: bratt berg (OE); berg med ei eller fleire bratte sider (LO)
Bøying: ein "ha:mar - den "ha:maren - på "ha:mare - alle "hamrad'n - i "hamro
NAMN: Hamran.
 
* haug m: ofte brukt om ein (!) skogholt som ikkje er nokon haug (OE)
Bøying: ein håug - på 'håuji - alle "håugad'n - på "håugo
OE: "å jaga krytyr på haugad'n = til skogs.
NAMN: Haugen.
 
* haus m: liten bergknatt
NAMN: Hausehovda
 
* hefte n: seinking, hindring; stad der gjætarane kvilde med buskapen (NG V 118; NO V 105)
Bøying: eit "hæfte - fleire hæftu - 
NAMN: Heftet (her kvilde fôrkøyrarane)
 
* hegn f: inngjerding (OE)
Bøying: ei hægn - den 'hægne - på 'hægn
NAMN: Reinshegni
 
* heller m: berghole
Bøying: ein "hællær - 
NAMN: Hellerberget (tonem 1!)
 
* hengs f: ÷ alle ordbøker
Bøying: hængs - den 'hængse - i 'hængs'n
NAMN: Hengsi (støl), Hengsgrovi
 
* hesli n (norr): stad der det veks hassel
NAMN: Hesla
 
* hjall m: hems, hylle i terrenget i berg- eller jordbakke (OE)
Bøying: jall - den 'jall'n - fleire "jalla - alle "jallad'n - på "jallo
OE: ein hjall er breiare, flatare og større enn ei skorr.
NAMN: Hjallen, Haugåkerhjallen, Hjalleslåtta
 
* hole f: søkk i lende eller berg
NAMN: Holo? Holu
 
* holl f: helling, li (norrønt hqll f)
Bøying: håll - den 'hålle - i 'håll'n - alle "hållid'n - på "hållo
NAMN: Hollastølen.
 
* holme m: lita berglendt øy; grasflekk i ein åker
Bøying: ein håLme - den "håLmen - på "håLma
NAMN: Holmen, Lauvholmen
 
* holt m (!): lite skogstykke
Bøying: ein hålt - i 'hålte
OE: «'hålten i seg sjølv lagar haug i syné»
NAMN: Holten, Snøyerholt, Holtetjørni, Granholten
 
* hovda n: rundvore fjell, helst skogvakse (LO)
Bøying: eit håvda - på "håvdae - i "håvdo
LO: ordet ikkje i bruk i snaufjellet
NAMN: Beihovd
 
* f: snaufjell og vêrhardt, ope landskap (OE)
Bøying: den 'hæ:e - på hæ:n
Av norrønt adj hár > hæ 
NAMN: Hæi, Hæberget, Svarahæe
 
* høl m: stilleståande vatn i ei ån (OE)
Bøying: ein hø:L - den 'hø:len - fleire "hø:Li
NAMN: Svartehølen, Teinhølen
 
* høye f: inngjerding av grindar for sau eller geit (Venås 1977:96)
Bøying: ei "høye - fleire "høyu - "høyud'n
NAMN: Humlehøyun
 
* inngjerding f: inngjerdt stykke
Bøying: ei 'innjæ:LiG - 'innjæ:LiGi - fleire 'innjæ:LiGa
NAMN: Inngjerdingi
 
* juv f: bratt og trongt skard, helst med bekk (OE)
* djuv f (Venås 1977:88)
* gjuv n (Rygh 1898:51)
Bøying: ei ju:v - 'ju:ve - i 'ju:væn - fleire "ju:vi - alle "ju:vid'n
Komm: er hokjønn i Hallingdal og Valdres, elles inkjekjønn.
NAMN: Juvin, Juvbergi
 
* jøkul m
* jukul m: issvull (OE)
Bøying: ein "ju:kull - "ju:kull'n - på "ju:kulle
NAMN: Jukulen, Jukulskardet
 
* kam m
* kamb m: ein spiss og langvoren ås - kan vera skog oppå; skogkamb (OE)
Bøying: kamb - 'kambæn - på 'kambe - fleire "kamba - "kambad'n - på "kambo
NAMN: Hagakamben, Kambebergi, Veslekamben
 
* kil m: liten evju eller lite tjern der det veks storr (Venås 1977);
smal bukt som går langt inn i landet (Torp 1919:266)
Bøying: Ki:l - 'Ki:l'n - i 'Ki:le
Komm: myrkil = smal myr (LO)
NAMN: Storrkilen
 
* kinn n: li, hall
NAMN: Kinn, Kinnbotnan
 
* kjelve f
* kjolve f: kornåker som ligg brakk, er eng eller potetåker - "me kjålve den åkeren" (Venås 1977)
Bøying: ei "KåLvæ - "KåLva - på "KåLvun
Komm: ei kjelva (Torp 1919:273)
NAMN: Samuelkjolva, Steinkjolva
 
* kjøl m: fjellrygg; åsdrag
Bøying: ein Kø:L - Kø:N - på 'KøLe
NAMN: Kjølen (eit hovda)
 
* klant m: lite berg, flatare enn hamar (OE); fjellknaus (Venås 1977)
Bøying: ein kLant - 'kLant'n - på  'kLante - fleire "kLanta - alle "kLantad'n
NAMN: Klantan, Kyrklanten, Vesleklanten, Kvigeklanten, Skjetvalkklanten
 
* kleiv f: bratt veg; stig i berg (OE)
Bøying: ei kLeiv - 'kLeive - i 'kLeiven
NAMN: Kleivi, Steinkleivi
 
* klett m: fjellknaus (Venås 1977:85)
Bøying: ein kLætt - 'kLætt'n - i 'kLætti - fleire "kLætti
NAMN: ÷ namn
 
* kleve m: lite rom, kammers, kove - brukt om noko som er inneklemt mellom berg el. bakkar
NAMN: Kleven, Klevavatnet
 
* klo, klon f: terreng som liknar ei klo, ein hake o.l.
NAMN: Kloni
 
* klopp f: liten bru (Venås 1977:92)
Bøying: ei klåpp - 'klåppe - på 'kLåppæn - fleire 'kLeppa - 'kLeppad'n
NAMN: Kloppi, Kleppan, Kloppemyri
 
* klov n: kløft, skar, sprekk
NAMN: Svarteklov 
 
* kluft f: stad der noko kløyver, deler seg
NAMN: Kluftejordet
 
* klype n: smal bergkløft (Torp 1919)
Bøying: eit "kLy:pæ - "kLy:pe - fleire "kLy:pu (?)
Komm: Venås (1977:96) har ei klype - same ord?
NAMN: Klypet, Klypesgjenget, Klypesurdin
 
* knabb m: bergknabb, turt og skrint, ofte berg, men ikkje alltid; rundaktig hard haug eller berg, jf. turrknabb  (OE)
Bøying: ein knabb - 'knabbæn - på 'knabbe - fleire "knabba
NAMN: Knabben, Krokåkerknabben
 
* knaus m: bergknaus rundare enn ein hamar (OE)
Bøying: ein knaus - fleire "knausa
NAMN: Knausen, Steinknausen
 
* kneik m: stutt (ofte bratt) bakke
NAMN: Kneiken
 
* knipp m: spiss fjelltopp
Bøying: knipp - knippen  (÷ Venås)
NAMN: Knippen, Nysetknippen, Skalleknippen
 
* koll, kolle m: knaus, haug, fjelltopp
NAMN: Kollehovda, Fiskekollen
 
* krikk m: hjørne; utkanten av ein voll; bekk som renn i krokar (OE)
Bøying: ein krikk - den 'krikkæn - i 'kriKKi - fleire "krikka - alle "krikkadn 
NAMN: Krikken, Krikkan, Stølskrikken
 
* kulp m: søkk i botnen av elv, høl
NAMN: Kulpen
 
* kult m: rund bergtopp, koll
NAMN: Kulteberget
 
* kule f: søkk i jorda, hole, grop
NAMN: Kulu, Kuluset
 
* kurp m: skorpe, tjukk, tørr og sprokken hud
NAMN: Kurpen
 
* kvam m: liten dal, ofte stutt og trong (LO)
Bøying: ein kva:m - 'kva:mæn - i 'kva:me - fleire "kva:ma
NAMN: Kvamen, Kvammen, Kvamsbergi (av Kvamen)
 
* kvelv f: søkk i lendet, helst rundaktig (LO); "hulning" (Torp 1919)
Bøying: ei kvæLv - 'kvæLve - i 'kvæLvæn - fleire "kvæLvi
Komm: også eit kvelv, jf. eit takkvelv (LO)
NAMN: Kvelvi, Hestekvelvi, Kvelvehovdun
 
* kven, kve f: mjølkeplass utan fjøs (eldst); inngjerda veg frå fjøset og til hamna (OE);
inngjerd plass for krøter (Venås 1977:88)
Bøying: ei kve:n - 'kve:ne - i kve:n - "kve:ni - "kve:nid'n
NAMN: Kvenin, Steinkveni, Storekveni, Veslekveni
 
* køyte f: barhytte, skogskoie, lita enkel hytte
NAMN: Køytun
 
* led n: opning i eit gjerde; grind
Bøying: eit le - 'le:æ - ? (÷ Venås)
NAMN: Ledet, Heimledet, Skrubbeledet
 
* lege f: staden ein ligg (Venås 1977:94)
Bøying: ei "le:gu ("læ:ji) - "le:gu - på "le:gun - fleire "le:gu
NAMN: Lukrislega, Åkrelegi
 
* lein f: skråning; langstrekte halli, slake lier (OE)
Bøying: ei lain - 'laine - på lain - fleire "laini - alle lainid'n
NAMN: Leinin, Grøneleini
 
* leite n: ein stad med vid utsikt, synsleite
Bøying: jf. løyte
NAMN: Løyte, Øyliløytun
 
* lekje f: vassrenne, slok
* leke f (nynorsk)
Bøying: ei "læ:Kæ - "læ:Ka - fleire "læ:Ku
NAMN: Teigelekja (oppkome), Lekjeåkeren
 
* lende n: ulendt/godlendt terreng, jf. våtlende, nylende, linlende, kornlende, nepelende (OE)
jordbotn, mark (Torp 1919)
Bøying: "lænde - 
NAMN: Nylendet
 
* lessing f: omlastingsplass ved tømmerkøyring (OE)
Bøying: ei læssiG - "læssiGGi - på "læssiGæn
NAMN: Lessingsmyri, Tvilessingi
 
* lut m: del, part (Venås 1977)
Bøying: ein lu:t - 'lu:t'n
NAMN: Luten
 
* lygne f: stad der landskapet gjev ly for vind og regn (LO)
Bøying: ei "lygnæ - "lygna - "lygnun
NAMN: ÷ namn
 
* lykkje f: inngjerda mark, lite jorde
Bøying: ei "lyKKæ - "lyKKa - i "lykkun
NAMN: Lykkja, Steinlykkja
 
* læger n: liggjeplass for dyr, jr. felæger (Venås 1977:100)
Bøying: eit 'læ:gær - 'læ:gæræ - fleire 'læ:gær - alle 'læ:gære - på 'læ:gæro
NAMN: Felægeret
 
* løk m: bekk som renn stilt, ofte i myr  (Venås 1977; OE)
Bøying: ein lø:k - 'lø:kæn - på 'lø:Ki - alle "lø:Kin - på "lø:Ko
NAMN: Løken, Saueløken
 
* løype n: trong dal, skard, grop (NO VII 938)
Bøying: ukjent som appellativ (OE)
NAMN: Storefonnløypet, Skarpetindløypet (namn på skard med snøfonn i)
 
* løyte n: stad med god utsikt
Bøying: eit "løyte - "løyte - fleire "løytu - alle "løytud'n - på "løyto
NAMN: Løyte, Haugsløytun, Øyliløytun
 
* f : mørkt eller ureint vatn; vatn nær land; myrvatn
Bøying: ?
NAMN: Lå, Lågarden
 
* magerot f: tepperot (NO 7:999)
NAMN: Magerotholli
 
* moldbakke m: bakke med mold der det ikkje veks noko (Ola Ellingsgard 1900)
Bøying: sjå bakke m
NAMN: Moldbakken
 
* mæling f: jordstykke på 50 x 50 alen (ca. 30 x 30 meter)
Bøying: ei "mæ:LiG - "mæ:LiGGi - på "mæ:LiGGæn
NAMN Mælingi (namn på utslått)
 
* møne n: møne på tak, takrygg, raust
Bøying: eit mø:ne - "mø:ne - fleire "mø:ni - alle "mø:nid'n - på "mø:no
NAMN: Møni, Olastølmønet
 
* møre f: gjørmut myr (OE), mjuk grunn i vatn (Venås 1977)
Bøying: ei "mø:ræ - "mø:ra - i "mø:run
NAMN: Mørehovda, Mørehølen, Mørun
 
* mål n: måleining som er sett lik 1000 m2
Bøying: eit må:L - 'må:Læ - 
NAMN: Halvemålet (seier noko om storleiken på åkeren)
 
* nabb, nabbe m: bergknatt
NAMN: Krokåkernabben
 
* natt m: berghamar, mindre og lågare enn ein nut (OE)
Bøying: ein natt - 'natt'n - på 'natte - fleire "natta - alle "nattad'n - på "natto
NAMN: Natten, Svartenatt, Ulshaganatten
 
* netlag n: stad der ein set ut net
Bøying: eit "ne:tlag - 
Komm: Ordet nytta av Sigurd Reinton (f. 1900) ved innsamling av namn i 1980-åra.
jf. netstøe og gåd'nstøe (OE)
NAMN: netlag (ikkje namn)
 
* nibb, nibbe f: spiss fjelltopp (med brattheng under)
Bøying: ei nibb - 'nibbe
NAMN: Nibba, Nibbesteinen
 
* nobb f: berg, fjell, men mindre enn nos (Venås 1977)
Bøying: ei nåbb - 'nåbbe - fleire "nåbbi/ 'næbba - 'næbbad'n - på "næbbo
NAMN: Nobbi, Nobbehovda, Nebban, Veslenobbi
 
* nos f: berg, fjell, ting, større enn nobb (Venås 1977)
Bøying: ei nå:s - 'nå:se - fleire "nå:si/"na:sa - "nå:sid'n
NAMN: Nos, Fødalsnosi, Trollnosi
 
* nut m: ruvande berg, fjell, større og høgare enn ein natt (OE)
Bøying: ein nu:t - 'nu:t'n - fleire "nu:ta (?)
NAMN: Nuten, Storebottnuten
 
* nylende n: nyleg opprydda land
NAMN: Nylendet, Nylendun
 
* olle f: vasskjelde, naturleg oppkome
Bøying: ei "åldæ - "ålda - i "åldun
NAMN: Olla, Vassmyrolla
 
* paut, paute m: spiss pinne av hardt tre (?)
Bøying: ein påut - 'påut'n - på 'påute
Komm: sms. moldpaut: bratt og opptrødd bakke der kyrne gjekk (OE)
NAMN: Pauten, Moldpauten
 
* plett m: flekk, stad
Bøying: ein pLætt - 'pLætt'n - på 'pLætte
NAMN: Pletten, Pletthaugen
 
* pytt m: vasspytt, ofte med grums på botn, mindre enn tjørn.
Bøying: ein pytt - 'pytt'n - i 'pytte - fleire "pytta - alle "pyttad'n - i "pytto
NAMN: Pyttemyran, Hundepytten
 
* rabb m: jordrygg, ofte med steingrunn (OE)
Bøying: ein rabb - den 'rabbæn - på 'rabbe - fleire "rabba
NAMN: Rabban, Rabbehovda, Rabberovun
 
* rand m: langstrekt haug (OE); rygg av laus masse, ofte i dalside og laga av skridur (Venås 1977)
Bøying: ein rand - 'rand'n - fleire "randa - alle "randad'n - på "rando
NAMN: Randen, Kjellargardranden
 
* reine f: opplagd jordbanke nedst på åker (Venås 1977)
Bøying: ei "rainæ - "raina - fleire "rainu - alle "rainud'n - på "raino
NAMN: Reino, Langereina, Storereina
 
* reist m: vidjeband, stokk el kjetting brukt til brems på slede el kjelke i unnabakkar  (NO IX 179)
NAMN: Reistebakken, Reistestaden
 
* rem m: langt og smalt stykke av noko (Venås 1977)
Bøying: ein ræmm - 'ræmmæn - fleire "ræmmi
NAMN: Vestreremmen, Åsremmen
 
* rensle f: stad der noko glir (Venås 1977); stad der ein får noko til å renne
Bøying: ei "rænslæ - i "rænslun - fleire rensli (?)
Komm: jf. tømmerrensle, skirensle
NAMN: Rensli, Renslestrupen
 
* repp m: bygdelag, lita grend
NAMN: Reppen
 
* res n: noko som ligg høgt, gjerne langstrekt og med stig (OE)
Bøying: eit re:s - 're:sæ - oppå "re:se - fleire re:s - "re:sin - på "re:so
Komm: vegen gjekk ofte på reset, for det var det turt (OE)
NAMN: Reset, Reshøgdi
 
* rikle f: kjerr, småbjørk og vier (NO 9:340)
NAMN: Riklebekken, Rikleløkin
 
* rime m: langt høgdedrag, jordrygg, rinde
NAMN: Rime
 
* risle f: sildrande liten bekk
Bøying: ei "rislæ - den "risla - i "rislun
NAMN: Tvirisla
 
* ro; ron f: hjørne
Bøying: ei ro:n - 'ro:ne - i ro:n - fleire 'rø:na - alle 'rønad'n - i 'rø:no
NAMN: Rønan, Medgardsroni
 
* robb f: haug med turr og skrinn mark, aldri dyrka der (OE)
Bøying: ein råbb - 'råbbe - på 'råbbæn - fleire "råbbi - alle "råbbid'n - på "råbbo
Komm: det veks berre rabb (dvergbjørk) på robbo (OE)
NAMN: Robbi, Robbin
 
* rudning m: stad som ein held på og ryddar, eller nyleg har rydda med tanke på dyrking
Bøying: ein "rudning - "rudniGæn - på "rudniGi - fleire "rudniGa - på "rudniGo
NAMN: Rudningen, Arnegardsrudningen
 
* rust f: skogsnar (Venås 1977); ulendt terreng (LO)
Bøying: ei rust - 'ruste - i 'rust'n - fleire "rusti; 'rysta - 'rystad'n - "rysto
Komm: jf. rabberust, vierust
NAMN: Rusti, Rustin, Sindrerustin, Skralalurystan, Skjervheimsrystan
 
* røys f: ihopkasta, nedrasa dunge av stein
Bøying: ei råys - 'råyse - i 'råys'n - fleire "råysa - "råysad'n - på "råyso
NAMN: Røysi, Langerøysi, Røysåkeren
 
* sandbakke m: bakke med sand der det ikkje veks noko (Ola Ellingsgard)
NAMN: Sandbakken
 
* saup n: væske som blir att når smøret er skilt ut ved kinning.
NAMN: Sauphaugen
 
* sauskjer: skogstorkenebb (plante) - (÷ NO) - stn. Sauskjerhovda.
 
* sig n: vatn som sig ut eller inn
NAMN: Vætesiget
 
* sisle f: lite bekkesig som gir lyd frå seg (LO)
Bøying: ei sisle - "sisla - i "sislun - fleire "sislu (?)
NAMN: Sislebakken
 
* sjø m: innsjø, tjern
Bøying: ein sjø - 'Sø:n - 
NAMN: Uppsjø, Bergsjøen
 
* skabb m: steinut jordstykke
NAMN: Skabbin
 
* skanse m: oppkasta jordvoll (?)
Bøying: ein "skanse - "på skansa (÷ Venås 1977)
NAMN: Skansen (heimstøl), Fagersiskansen (bergknoll)
 
* skar adj: skrint, ufruktbart, grunt (OE)
Komm: skarfjell, skarås, skarmark
NAMN: Skarhovdun
 
* skard n: kløft i berg eller fjell
NAMN: Sirestølskardet
 
* skarv n: naken fjellrygg, berre brukt om det høgste fjellplatået (OE)
Bøying: eit skarv - fleire skorv - alle skorvi
NAMN: Skorvi, Hallingskarvet, Reineskarvet
 
* skeid n: veg mellom åkrane på ein gard; vegstykke ein greier i eitt utan å kvile (NO)
jf. norrønt skeið n ʻbane til kapplaup eller kappridingʼ
Bøying: eit Sai - 'Saiæ - på "Saie
NAMN: Skeidet, Bratteskeid (bufarveg), Hallingskeid
 
* skerf n (norr): skarv, nake berg
Bøying: ?
NAMN: Skjervheim
 
* skiftegard m:  gjerde mellom to eigedomar (NO 9:1419)
 
* skitvalk ["Se:tvaLk]: fjellvåk
NAMN: Skjetvalken
 
* skjene v: setja av garde sidelengs, i stor fart for å røme frå insekt og sterk varme
NAMN: Skjenanuten
 
* skjåme f: mørk flekk ?; tiltakslaus kvinne  (NO; ÷ Venås)
NAMN: Skjåma, Skjåmehaugen
 
* skobb f: steinut jordstykke
Bøying: ei skåbb - alle "skåbbid'n - på "skåbbo
NAMN: Skobbin
 
* skor, skorr f: hylle i fjellside (Venås 1977)
Bøying: ei skårr - 'skårre - i skåN - alle "skårridn
Komm: ei skorr er større enn ei skorte og mindre enn ein hjall, skrå eller vassrett, aldri loddrett (OE)
NAMN: Skorrin, Nedreskorr, Rupeskorrin, Storeskorri
 
* skorte f: liten berghylle, som fotefeste, mindre enn skorr (OE)
Bøying: ei "skoTTæ - "skoTTa - fleire "skoTTu - i "skoTTun
Komm: å hogge skorte i is for foten (OE)
NAMN: Skorteberget
 
* skorv f : naken fjellrygg, sjå skarv
Bøying: ei skårv - 'skårve - på 'skårvæn
NAMN: Skorvi
 
* skrinne f: mager eng, mark som gir lite gras (Aasen)
NAMN: Skrindo, Barskrind
 
* skut m: stein med stort framspring (OE); utoverhengande bergvegg (Torp 1919)
Bøying: ein sku:t - 'sku:t'n - fleire sku:ta?
NAMN: Hagoskuten, Skutuset
 
* slae m: søkk i terrenget (LO); daldrag med late sider (Venås 1977)
Bøying: ein "sla:e - "sla:en - i "sla:a:
NAMN: Slaen, Vesleslaen
 
* slepe f: slepe for tømmerkøyring
Bøying: ei "slæ:pæ - "slæ:pa - i "slæ:pun
NAMN: Sataslepa
 
* slett, slette f: avgrensa flatt område
Bøying: ei slett - 'slette - på 'slett'n - fleire "sletti - "slettad'n - på "sletto
NAMN: Fuglesletti, Kringleslett, Slettebakken (jamne bakkar)
 
* slok n: trerenne for vatn (OE)
Bøying: eit slå:k - 'slå:kæ - i "slå:ke
NAMN: Slokedalen
 
* slætte n: slåtteteig i utmark, slåttland som soknar til ei lu i utmark (OE)
Bøying: eit "slætte - fleire "slættu - alle "slættun - på "slætto
Komm: jf. storrslætte, der ein slær storr (LO)
NAMN: Nereluslætte, Øvreluslætte
 
* slåtte f: slåtteteig i utmark (Venås 1977)
Bøying: ei "slåttæ - fleire "slåttu - på "slåtto
Komm: ofte har slåttun blitt fast buplass (OE)
NAMN: Slåtto, Slåtteskogen, Vesleslåtta
 
* smette n: gangveg eller smug mellom to hus
Bøying: eit "smætte - fleire "smættu? - i "smætto
NAMN: Smetthaugen, Harasmettet, Tjuvesmettet
 
* snar n: berg med småskog, jf. skogsnar (OE), til adj. snar ʻinnsnevra,smalʼ
Bøying: eit sna:r - 
NAMN: Snarberget
 
* snunad m: stad der noko eller nokon kan snu
Bøying: ein "snu:na - "snu:nan - i "snu:nae
NAMN: Snunaden
 
* snøye f: jord utan grasvekst; fjellmark over skoggrensaʼ (NG V 163).
NAMN: Snøyerholt
 
* soping m: stad der dei sopte lauv, lauvsoping (OE)
Bøying: ein "so:piG - "so:piGi - fleire "so:piGa - på "so:piGo
NAMN: Sopingan, Lauvsopingi
 
* spong f: vinterveg over åne
Bøying: ei spåG - 'spåGe - 
Komm: Venås 1977: list på bil, støtte på dør
NAMN: Spongi, Myrespongi
 
* stige m: reiskap til å klatre i
Bøying: ein "sti:ji - "sti:jinn - på "ste:ga - fleire "sti:ga - "sti:gad'n
NAMN: Stigen, Høgestigan
 
* strype n, strupe m; innsnevring i lendet, smal stad
Bøying: 
NAMN: Strypet, Renslestrupen
 
* stugu f: bustadhus (på ein gard)
Bøying: ei "stu:gu - "stugu - i "stu:gun - fleire "stu:gu - alle "stu:gud'n - i "stu:go
NAMN: Stugueikra, Gamlestugu
 
* stø f, støe n: stad som noko kan stå på, jf. fonnstøe, stakkestøe, båtstøe (Venås 1977)
Bøying: eit "stø:e - "stø:e - i "stø:e - fleire "stø:u - "stø:ud'n - på "stø:o
NAMN: Støa  /'stø:a/!
 
* støl m: seter; mjølkeplass
Bøying: ein stø:l - 'stø:l'n - på 'stø:le - fleire "stø:la - "stø:lad'n - på "stø:lo
NAMN: Stølen, Stølsskardet, Ringhovdstølan
 
* sumpe f: søkk i jorde (OE)
Bøying: ei "sumpe - i "sumpun - fleire "sumpa - i "sumpo
NAMN: Sumpa
 
* sva n: nake fjell (Venås 1977:102)
Bøying: eit sva: - 'sva:æ - fleire svø: - alle 'svø:e - på "svø:o
NAMN: ÷ namn
 
* svull m: isjøkel
NAMN: Storesvullen
 
* syning m: ein topp som stikk opp langt borte; det lengste ein kan sjå (OE)
Bøying: ein "sy:niG - på "sy:niGi - på "sy:niGo
Komm: Kyd'n vorto borte i syningo = det lengste dei såg dei
NAMN: Syningen, Syningstjørni, Syningstølan
 
* såte f: haug av halvturt gras (Venås 1977); rundaktig fjelltopp, helst stor og ruvande (LO)
Bøying: ei "så:tæ - fleire "så:tu
NAMN: Såta (fjell), Såteskardet
 
* tange m: låg og smal odde
Bøying: ein "taGi - "taGjin - på "taGGa - fleire "taGGa - på "taGGo
NAMN: Tangen, Toviktangen
 
* teig m: avgrensa, mindre jordstykke
Bøying: ein teig - 'teigæn - på 'teiji - fleire "teiga - på "teigo
NAMN: Teigen, Myljoteigen
 
* tein m: rotskot frå tre, renning, kvist
* teine f: fiskereiskap av flettverk
Bøying: ei "teinæ - "teina - fleire "teinu - alle "teinud'n - i "teino
NAMN: Teinhølen, Teinenatten, Teinesteinen
 
* tide f: ei stad der det ikkje frys om vinteren
Bøying: ei "ti:u - "ti:u - på "ti:un - fleire "ti:u - alle "ti:ud'n - på "ti:o
NAMN: Einarsettidu (oppkome)
 
* timotie n: åker tilsådd med timotei
Bøying: eit "ti:moti:æ - på "ti:moti:e
NAMN: Timotiet
 
* tind m: høg, kvass fjelltopp
Bøying: ein tind - på 'tinde - fleire "tinda - på "tindo
Komm: ordet ikkje mykje brukt, men finst (OE)
NAMN: Gyrinostinden
 
* tjørn f: eit lite vatn
Bøying: eit Kød'n - 'Kødnæ - i "Kødne - fleire 'Kød'n - i "Kødno
Komm: eit Kæd'n er mindre enn ei Kød'n (LO)
NAMN: Tjørni, Tjørnstølen, Storebottjørni
 
* ton f: grasflekk, kan vera så stor at det vert ein heil gard (LO)
Bøying: ei to:n - fleire "to:ni - "to:nid'n
Komm: nynorsk to f
NAMN: Toni, Tonin, Tonbakken
 
* træde n: inngjerdt engstykke, ofte det beste på garden (OE)
Bøying: eit "træe - fleire "træ:u - "træ:ud'n - på "træ:o
Komm: driftetræde, oksetræde, steintræde (mykje stein der) (OE)
NAMN: Trædet, Trædesåkeren, Steintrædet
 
* trøe, tråe f: opptrakka plass; der kyrne sto og tråkka før dei slapp inn i fjøset
Bøying: ei "trø:æ; ei "trå:æ - fleire "trø:u - på "trø:o; "trå:o
NAMN: Tråin
 
* tubbe f: grastuve, liten topp
NAMN: Tubbun, Tubbevadet
 
* tuft f: stad der eit hus har stått
NAMN: Tuftin, Tufto, Molutuftin
 
* tuku f: der dei tek opp noko (LO)
Bøying: ei "tu:ku - i "tu:kun - fleire "tu:ku - i "tu:ko
NAMN: Torvetuku, Jordtuku
 
* tuv m: liten topp: sjå tubbe
 
* urd f: lende dekt med (store) steinar
Bøying: ei u:L - 'u:Le - i u:N - fleire "u:Li - på "u:Lo
NAMN: Urdi, Urdin, Urdebakken, Klypesurdin
 
* utrås f: utmark; felles krytyrveg frå gard til hamn (OE)
Bøying: ei "u:trås - i "u:trå:so
NAMN: Utråshalle, Utråsvegen
 
* vakte v: ta kyr i vakt, jf. vaktarkrakk ʻmjølkekrakkʼ
NAMN: Vaktardalen
 
* vad n: vadestad i elv (Torp 1919)
Bøying: eit va: - 'va:æ - i "va:e -
NAMN: Vadet, Myljovadet, Vodi
 
* vang m: grasvoll, grasslette
Bøying: ein vaG - 'vaGæn - i 'vaGji - fleire "vaGa - på "vaGo
NAMN: Vangen, Embriksvangen
 
* vatning f: det å vatne (NnO); olde, oppkome
bøying: ei "vatniG - "vatniGGi - i "vatniGGæn
NAMN: Vatningi, Vatningsmyre
 
* veit f: grøft
Bøying: ei vait - 'vaite - i 'vait'n
NAMN: Veiti, Storeveite
 
* velt f: opplagsplass ved skogsdrift (OE)
Bøying: ei vælt - 'vælte - i 'vælt'n
NAMN: Velta, Steinvelta (?)
 
* voll m: grasmark, mest brukt om stølsvoll (OE)
Bøying: ein våll - 'våll'n - på 'vålle - fleire "vålla - alle "vållad'n - på "vållo
Komm: I Torpo seier dei vøll, elles i Ål våll.
NAMN: Vollen, Vollan, Leikvollo, Vollegrovi
 
* von f: slåtteteig, del av ei flatevidd som arbeidsområde (Venås 1977)
NAMN: Gråtarvoni, Steinvoni, Tubbevone
 
* ån, å f: elv, mindre elv
Bøying: ei å:n - 'å:ne - i å:n - fleire 'æ:na - alle 'æ:nad'n
NAMN: Åni, Sireåni, Sundåni
 
* ås m: høgdedrag med skog
Ola Ellingsgard: det veks alltid skog på åsen, derfor ingen ås i snaufjellet
NAMN: Åsremmen, Åstjørni, Åsvegen