Jolegjestebod paa Sundre

Presten Joachim Fredrik Kjelstrup var sokneprest i Aal fraa 1851 til sin død 1867. Han held paa aa gaa over i segni paa grunn av sine uhyre krefter, Han var av kjempevokster og med kjempemod, myndug og raadrikjen, ja han kunna verta heilt brutal og gløyme seg reint, naar han vart sinna - og det skulde kje so mykje til. Paa den andre sida kunne han vera baade godlyndt og mild, naar han var i den luna, og han ikkje vart ørta eller motsagd.
Me gamle kan hugse han som ein stor sterkbygd vakker mann mes eit godt drag over det sterke andletet. Eg kan best hugse han fraa skuleeksameane. Daa sat han brei og svær i høgsetbenken og smilte so godt til oss krypande som stod framved bordet og skulde lesa i testamentet og bli høyrd i katekisme eller forklaring. Gjekk det so nokrlunde, so klappa han oss paa hovudet og sa det var bra. Siste gongen eg saag han var i gamle Aals kyrkja, daa me vart framtekne til konfirmasjon. Det var kapellanen hans Irgens som hadde lese med oss um vinteren, og som ved framtaket prøvde oss i vaar barnelærdom. Men sjølv var han tilstadar og tok mot dei fattige skillingane som presten etter gamal skik og bruk skulde ha av oss, naar me "slapp fram". Innen ein maanad etter var han død.
Men so var det jolegjestebodet. Det var altso ei tid etter han var komen til Aal, medan han enno stod i sin beste brage at lensmannen Pleym, som budde paa Sundre i same bygnaden der Perstølen no har forretningi si, holdt ei gjestebod i joli for det som var til storfolk i nærmaste distriktet - emdedsmenn og andre.
Der var presten, naturligvis, og hans huslyd, kaptein Dunker, som budde i Gullhaga (Gullhagen var chefagard den tid, der var presten Kierulf fraa Gol og dei 3 sønene hans; Ulrik, Henrik og  Henning, kaate og skripute kara alle tre, og der var handelsmann Bruun, som budde paa Rolfshus i Gol.
Ein Gamall mann, som no er umkring 90, var smaagut den gongen, og han og andre av hans jamnlikar hadde moro av aa skotre paa glasi aa sjaa koss storfolke leika. Han saag daa presten dansa, og daa var han baade ein spræk og spretten kar, Han snudde over hovudet og gjorde kast baklengs, noko som det skulde ein sers tame til aa greie.
Sjølve uppstussen saag kje han, men dotterson til Ulrik Kierulf, som var med i leiken, hadde meir enn ein gong fortalt um tilburden for borneborni sine.
Det byrja med at kapteinen, som var ein liten sinnatagg, paa ein eller annan maate hadde fornerma presten. Det leid paa natti, so selskapet var vel paa ein kant. Presten tok so kapteinen paa skotaai og kasta han borti ei kraa, so dei tok aa bar han burt, vel mest fordi han var full. Landhandler Bruun dreiv aa dansa, og vilde slaa det heile burt i gjøn, men so tok presten han i bringa og kasta han borti veggen so han datt paa knei og hendane. Presten Kierulf gaar daa bort til han og vil snakka han til rettes, men no var blodet kome i kok, og han vilde ta paa han og. Men so krulla kvendfolki seg um Kierulf, so Kjelstrup maatte tøygje seg over flokken for aa naa fram. Han naadde daa kje i han større likevel. Ulrik Kierulf segjer daa so uti veret: "Det er daa kløyvande at han skal faa fara aat koss han vil!" Kjelstrup var daa komen fraa og hadde sett seg i sofaen, men daa han høyrde kva Ulrik sa, so hæv han seg upp og segjer: "Hvad er det du siger, min gutt?" og vilde so ta han med ein gong.
Ulrik maatte no rymme undan og vilde koma ut kjøkenvegen, men kjøkendøri var stengd, so han kom kje ut. Han maatte daa attende same vegen, men greip i farten eit vedtre i handi, møtte presten i døra og sa: "Dæ æ so mykje de sjaa det at 'n vil dræpa me!"
Kanhende desse ordi kvekte han. Nokk er det at han sette seg i sofaen og sa: "Hvor er reisestøvlene mine?" Han fekk dei fatt, tok ein støvel under hver arm og drog paa dør.
Komen ut paa trammi stod han der med ein støvel under kvar arm og skreik so det ljoma i geilo at no kan det koma um det vil halvhundra mann, so skulde han ta dei. Torstein Dengerud, ein av verste slaasskjempone i Aal stod ni vegen, som gjekk tett ved lensmannsbygnaden og so sa han: "Er det slik preike han far held idag?" "Der hører jeg Dengeruden!" sa presten og vilde ha tak i han, og "Dengeruden" var kje djervare, han bykste nedover vegmuren og tok føtene fatt.
Tenesteguten til kapteinen, ein dei kalla Axker-Karl, var komen for aa hente kapteinen og stod med hesten uti garden. Presten gaar so bort til han og gjev han ein under øyra, so han tvindla. Guten grev seg uppatt og segjer: "Presten tok nok feil, no." "Jeg tager ikke feil", sa presten og gjev han ein til.
Daa presten so drog nordover vegen og heim, fortel den gamle mannen, i maaneskinet linka han aa sprette seg og slo hælane uppi baken so det small.
Under saken som aalingane la upp mot Kjelstrup kom ogso dette fram, og Ulrik Kireulf maatte fram aa vitne. "E fortælde dæ plent som dæ va, e, e laug kje ait or," sa 'n Ulrik daa han sidan fortalde historia.
Men daa presten vart tilspurd um det hadde gjenge for seg slik, sa han: "Han lyver!".

Dette stykket er skrive av E. Bækkestad i Dølaminne 3/4 1926.