Ola Hajem fortel

Ola Hajem fødd 01.01.1876 fortalde dette i 1959.


Det va ganske are forhold den gongi me vokso upp ell det er for ungdommen idag. Me måtte tidleg begynne å hjålpe te. Me voro åtte syskin og eg va den eldste. Tå det me alle fyst måtte te med va å hjålpe te i fjøse, stelle med krytyro, pynte fjøset, og so vart det å gjæte. Eg begynte te å gjæte då eg va 8 år gamal. Den gongi måtte gjætleungin stå med krytyro dagen lang. Me reiste ut om mor­gon, og jaga gjedne innatte krytyre te dugurds ved 10-11 tide. So kvilte me ein time ell to. Og so va det å sanke og reise te skogs att med krytyro.

So skulde eg begynne på skulun, men det va liten hjålp heime so eg drygde lengst mogeleg. So eg vart 9 år forr ell eg begynte på folkeskulun. Me hadde då han Sevat Løkingsgard te lærar. Og me voro 36 skuleunga i kor klasse i Leveld den gongi. Dei hadde det på det at læraren va lite sein, so det gjekk no kje so fort. Men me lærde mykje uttanått. Eg hadde no sloppe eit år for lengi forr ell eg begynte på skulun, og det va fordi eg hadde lært kakisma og bibel­historia og forklaringi. Det hadde eg lært heime. Det va han goffa Haug som va lærar for meg i dei tiden heime. Me hadde då begynt te å hjålpe te lite heime. So då me begynte i skulun so måtte me vera tidleg uppe og pynte fjøset og hjålpe te lite i fjøse for me gingo på skula.

Når den tide kom at me voro ferdig med skulun og gjætlun, so va det å begynne heime. Ifrå klukka 5 om morgon og te klukka 8-9 om kvelden. Det va dagsverket. Me kvilte no naturlegvis lite men det va no slik at me hengo i alt me orka. Me voro 8 syskin og det va kje so greidt med tenarhjålp jamt. Anna det va far og mor som stre­va med di. Det måtte spinnast og vevast og lagast alt me skulde ha tå klæu. Dette måtte gjerast heime. Me hadde som regel tenestjente, og ho mor og tenestjenta dei soto ifrå tidleg om morgon te seine kvelden med veving og spinning.

So va det som regel slik i dei dago at for å få te engorn krona, å tene lite peng so skulde dei prøve med lite handel. Eg va berre 16 år då eg reiste te Gol og kjøpte nokre saui og geita. Og sea fortsette eg med lite krytyrhandel affe at eg arbeidde heime. So vart det no å reise te Sogn og kjøpe lite saui då det fyste. Og so vart det noko storkrytyr.

Me gingo over fjellet ifrå Leveld og te Hemsedal, og ifrå Hem­sedal og te Lærdal. Då va det mange seige tura. Me gingo ifrå Le­veld og te Lærdal so og sea i eit, me gingo nott og dag. Når me reiste om våren so måtte me jamt reise om kvelden, for at me skulde koma over snøfennadn med dei voro lite hard på morgosiun. Det vart vel kje anna ell kvile lite då forr ell me kornmo te Lærdal.

So va det å drive attende. Og det va ein seig jobb, for det va å drive både nott og dag. Me kunna kje vera ifrå krytyro noko større anna me logo ofto ute. So vart det å ha krytyre på habn om summaren. Og om hausten skulde me te å drive nedover te Oslo ell utover bygdadn. Det va med seige tura, serleg når me reiste med sau. Fyste gongi eg reiste med saui te Kristiania va det no då. Då voro me berre to mann te å jaga over 300 sau. Tå di eg kan hugse best va kor ille det stod te når me skulde over skogadn. Der reiste sauidn fritt alle stane. So me sprongo meir ell me ha bulja gjort antakeleg. Eg veit me reiste over Ringnesåsen ei gong. Der reiste sauidn på skogen for uss. Og me sprongo ein dag og fongo kje isamen att alt på langt nær. Anna då det vart mørkt so måtte me no slå uss te ro. Me logo på ein plass som eitte Lutern uppå Ringnesåse. Då det vart ljøst om morgon so måtte me no atte, og voro so heldig at me funno att kort einaste dyr.

So reiste me ni Aker, og logo det og slakta og køyrde kjøtet på torget. Men me måtte på kontrollen, og der va det om å gjera å ikkje koma for seint. Kjøttkontrollen opna då klukka va seks, men når klukka va 2 måtte me gjedne vera på Ankertorgi og stille upp i kø.

Heimvegen va no lettare. Då toko me toget te Krøderen og dampbå­ten te Gålsvik. Og so gingo me ifrå Gålsvik og heim atte. Det hugsa eg at me gingo ei gong på eit døgn. Det va langt, det va 10 og ei halv mil ifrå Gålsvik og te Håheim. Visstnok for mykje.

Seinare so vart det lite krytyrhandel, på fe. Fyste åre kjøpte eg nokre stykki her i bygdo, men når det leid noko år so begynte eg te å reise te Sogn for å kjøpe krytyr med. Ein del fe og det råkte nokre hesta. Det va no på ein måte mykje mindre slit ell det va med saue. Dei voro betre å jaga og betre å drive med.

So eg dreiv med di i mange år. Men so vart det te det at det vart berre hesta te slutt.

Fyste gongi eg va i Lærdal og kjøpte saui, då voro dei billig i blant. Eg kjøpte ein sau på Bø i Lærdal og betalte 6 kronu for, og han va fødd over eit år. Eg kjøpte forreisten noko sau på Moddo som voro so dyre at alle hadde reist ifrå dei. Dei måtte eg gje 10 kronu stykki for. Men det va no betre kjøp det ell den eg hadde gjeve 6 kronu for. Forteneste va forferdeleg dårleg. Det va kje meir ell me hadde ei skikkeleg daglønn for alt me hadde streva.

Seinare då eg hadde begynt te å handle med fe, då kjøpte eg ei kvige som eg betalte 25 kronu for. Men eg kjøpte samtidig ei kvige som eg betalte 80 kronu for. Det va betre kjøp ell den eg hadde gjeve 25 kronu for. Det kom seg tå foringen. Dei fora so altfor dårleg summe at dei kunna kje få noko for krytyre sine.

Det va aldeles undaleg koss folk kunna greie seg. Pengerentudn voro høge, det va 5 prosent. Skattadn voro forholdsvis høge, det va jordskatten som va den tyngste då. Det som dei kalla formue­skatt va nok lettare. Med ein stor familie og so dei skattadn, og lite ell inkje te inntekti, det va rart at det bar te. Det va nok primitivt med mat for mange. Dei som soto på småe bruk va det nok rettigt dårleg for iblant. Men merkeleg nok, folk svalla om koss dei skulde greie seg, og gjera alt på beste måten. Dei klarte seg, og so voro dei so fornøygd. Hadde dei mat og klæu og lite, so voro dei godt fornøygd. Det va verst for dei som skuldés betala mange.

Eg for i mange år og reiste med hesta. Og tedels hadde eg nokso mange hesta. Men det vart no lettvintas greia. For dei voro no lett­are og handsama og reise med. So det gjekk då bra. Me hadde naturleg­vis eit år som me tente peng, og eit  år som me tapte peng. So når ein slo alt isamen so vart det kje større teovers. Uaktet me brukte forferdeleg lite peng i dei tiden.

Det va i 1906 eg kom te å gifte meg. Då flutte eg te'o svigerfar og vart med i butikki. Og forholde der voro no ganske areleis ell dei era idag. Eg veit me vaska kje golvet på an måte ell at me maka inn noko snø. Trødde den godt ni søla og maka ut att. Ei gong i åre vaska me butikkgolvet. Men det va på mange måta trivelegar. Betjeningi va like interesert som me voro sjålve. Og arbeidde ifrå klukka va 7 om morgon og te'o va 10 og delvis 11 om kvelden. No va dettan uppi Votndale, og då va det mykje tå Vassingo som kornmo tid­leg. Då skul dei gjera turen te Sundre og so skul dei levere kjøpelistudn sine då. Og få pakka ferdig varudn te dei kornmo atte. Då måtte me no vera uppe te dei kornmo, og stundo råkte det at dei hadde vorte lite full. Det va gjedne noko bråk då dei kornmo. Og då måtte

Eg kjem ihug ei gong eg skulde på Oslomarken. Eg hadde 4 hesta, og då måtte eg køyre Ringnesåsen. Eg køyrde med ei brun, flink merr og kom uppi Jutulbrekka, det va no den brattaste bakkin der på vegi nedover. Då eg kom øvst i den brekka, då vart hesten so andpustal at han slepte taket og datt over ende. Det åkte nedover bakkin, lite glatt va det med. So va det dei hestadn som voro bunde ette, dei heldo atti lite dei då. Dei voro bunde i inan og i sleakarren. Som me kornmo nedover noko langt so svinga det tå vegi. Det gjorde vel mykje det at dessa laushestadn heldo atti so at det tok te å skli utover. Sleden og hesten kornmo som jamsist. Då fekk eg stana det og skifta om hest, og all ting gjekk fint, so eg kom heilt uskadd ifrå dei reisen.

Fyste betjenten eg hadde betalte eg godt, for eg va nøygd te å ha ein mann med kyndigheit i bokføring og som hadde noko rutine. Han betalte eg ein 50 kronu månaden. Det va noko overbetalt. So seinare hadde eg betjening som voro billigare. Og med hensyn te bokførsel og slikt noko so va det ingen kontroll, anna det va slik som me kunna få det te sjålve. Det va no kje anna ell krishandel å rekne for. Me kunna handle for nokre hundre kronu om dagen og so hadde me kje hundre kronu i kassun om kvelden. Anna det vart å ta imot alle varu dei hadde, smør og kjøtt og gamalost og an ost og prim og slikt. Det vart det me fongo det inn på. Folk voro vil­lig te å betala. Det va kje slik at då dei hadde fått borga noko so smotto dei avgårde odjn såg dei kje meir og dei ikkje vilde be­tala. Men det va om å gjera å få det te slik at dei fongo dei nød­vendige varudn, so skulde dei betala då dei fongo råd med di. Dei voro flink te å betala. Ifrå alle dei åro eg handla i Votndale for­liste eg nesten kje eit einaste øre.

Det va ein mann som skylda meg ein del penger. Og han kom og vilde borge meir. Og so sa eg at det får vera no. Ja det va slemt det sa'n han va nesten på gråten. For dei hadde kje noko å hjålpe seg med.

So van komme burtått døren, so sa eg det vedn at du for stane lite, sa eg. Ko va det du skul ha, me får laga det te. Eg totte ilt om'n. Ja ja, han fekk det han forlangte. Han fortsette no å handle, men so vart det reint elendigt med'o. So han greidde nok ikkje å betala utgiftidn sine. Men han greidde å betala meg, for han sa det at eg gjorde so mykje vel ved'n den gongi. For då åtte dei ingen ting, sa'n. So han tenkte at om han ikkje greie å betala andre, so ska du ha ditt. Og no ska du få det, sa'n.

Det va trevaleg med varukøyringen den tide. Me måtte køyre ifrå Gålsvik om summaren og ifrå Krøderen om veten. Det va mange som levde tå di, men det va lite betalt. For å køyre 100 kilo ifrå Gålsvik va det 2 kronu og 40 øre. Og for 100 kilo ifrå Krøderen va det 3 kronu. Men folket voro fornøygd, og slito det fram. Dei betalte 10 øre for ein kopp kaffi og 7 øre for ei seng å liggi i.

Og det va kje fåe som livnærte seg med di.

Det som me voro svært plaga tå det va pruting på handel den gongi. Det va ein del folk som skul ha avslag på all ting om det va gjengse prisa. Når me pakka upp og merkte slike varu som skulde setast i hylludn ell hengjast i taket, so måtte me leggi te noko i forhold te ko dyr varu va. Og kom det ein mann som me visste ikkje pruta, so va det å sea det at prisen står der slik og slik men det og det kan du få det for. Dermed kunna ein halde som like prisa for alle, so mykje som det gjekk an.

Det hende nok av og te at dei kunna prute varudn ned slik at ein mest tapte på dei. Men so kunna det bli andre ting som vart helde betre betalt.

Det va ei gong uppi Votndale det kom ein mann og skulde handle te jul. So det va eit heilt hestelass dettan då. Og so skul'n ha noko særs. Ja, eg stod i truverdigheiten og la fram noko særs. Og han hadde sagt atviss han fekk godt kjøp so skul'n no handle. Eg tenkte meg kje om anna  eg uppga ein pris som låg vel helde unde det som eg skulde  ha. Men han baud meg mykje minder. Eg heldt nest­en på å sprekki for det gjekk over alle grensu. Men akkurat med di sama so kom det inn ein kvek mann. Han helsa gumårn og begynte te å svalle og svalla detta burt. Eg fekk då summa meg so mykje at eg sa det ved dennan fyste som va komme som skul ha so godt kjøp.

At det kan hende det er betre å kjøpe noko anna. Ja han vilde no sjå det. Det va sama kvaliteten men det va eit anna mønster. Og eg hadde då vet te å forlange meir, og resultatet vart at han ga meg ein to-tre øre meir for alne ell om'n hadde kjøpt det te rett pris .

Ei an gong kom det ein mann som med handla mykje. Eg va kjent med at han skulde prute på all ting, so det va kje noko hyggeleg å ekspedere han. Anna eg sette ein tå betjento mine te å ekspedere'n Det hadde dei no greidt, men so kom'n te meg å sa det at no står det att at han ska ha tryå gutehuvu sa'n. Men eg er so trøytt og leitt tå'o at du for ta det du. Ja eg gjekk burt og tok det, fann te huvudn og va god te å få vekk prislappen, og so sa eg ei krone meir for stykki ell det eg skulde selja dei for. Ja, men han vilde eg skulde slå tå 50 øre på stykki. Ja ja, eg fær vel gjera det, sa eg, men so hadde eg kje godt tå dessa. Anna då eg sette dei upp på rekningi so sette eg den rette prisen som det skulde vera. Og so sa eg det ved'n. Men den mann reiste og kom alder att for å handle.

Det va ein ting som va leit fyste eg begynte og lengi utover. Når folk hadde handla lite so skulde dei ha appå handelen. Og dei skulde ha jolegave. Og hugsa spesielt at det kom ei jente i bu­tikken ein dag fyri jul, og handla for 80 øre. Og so sa ho det at ho må vel få ei jolegave. Eg hadde kje sett jenta trur eg heile året, men jolegave skul ho ha. Dei fleste tå faste kunda so hadde me forberedt uss på at dei skulde ha jolegave. Det va liksom den rabatten dei skulde ha for årets handel. So det heldo me no for å vera greidt det. Men det gjekk mange peng te det. Summe måtte få ei jolegave som svara te det ein hadde tent på dei i året. An­dre vart det no mindre på. Dei voro no meir ell mindre stortenkt

Dei reisende den tide dei brukte adskillig med brennevin. So eg kan hugse at eg reiste ifrå Votndale og her ned te Ål, og skul eks­pedere reisende. Og då eg kom her so voro dei so full at eg måtte reise att den dagen, og so atte dagen ette for ekspedisjon. Dei reiste kje so ofto den tide. I manufaktur og isenkram og steintøy og slikt so reiste dei kje meir ell ein 3 gongu i året. Og so måtte det vera lite større innkjøp då ell det vart seinare når dei toko te å reise oftare.Sameleis va det nok med kolonialreisende med. Dei reiste kje meir ell ein 4 gongu om året. So då måtte ein kjøpe noko som ein skulde ha snart. Og so måtte'n kjøpe noko som'n skulde ha om ein månad ell to. Hvis ein meinte at konjunkturen va slik at det lønte seg so måtte ein kjøpe noko som ein skul ha ein

Det folk mest kjøpte den tide va kaffi. Det brukte dei adskillig meir ell dei gjera no. Det va vanleg at ein gardbrukar kjøpte 6 og 6 kilo kaffi. Det råkte'n kjøpte 12 kilo med. Og so va det lite kveitemjøl og lite sukker. Eg hugsa då eg gjekk og les. So skul eg handle åt folk, og då hugsa eg aj: ea skul kjøpe ein fjerding med sukker. Det va 125 gram. Og det^mJljvera mange ting som va lik­nande. Ved sia tå det at det va smått stell so va folket nøysom og fornøgd. Dei vilde so gjedne hjålpe inan, so når det va noko som kneip ell det va engorn stane som dei hadde forlite, slik som med klæu og mat . So voro dei so viljuge te å hjålpe. Dei gingo te dei og sogo te dei og hjålpte inan på forskjellig vis. Dei levde meir isamen som ein familie. Og so va det bra for dei som skulde leigi noko, for hadde dei gjort noko bra imot dei som hadde aller

minst, so voro dei so villig te å hjålpe. Dei kommo nesten ubeden te å gjera arbeid.

I 1918 flutte eg her te Sundre. I 1921 selde eg der uppi Votndale, og so bygde eg her, på det stedet som eg har idag. Men i 1931 brann huset ned for meg. Det brann upp alt eg hadde. Men eg fekk då uppatt eit hus, og ha no drive her sea.

Det ha vore ein del omveltninga og konjunkturforandringa. Unde forrige krig då hadde me ei svær tid. Men då dyrtide va slutt hadde eg ein varebeholdning på ein 140000 kronu, og so hadde eg uteståande fordringa på ein 120000 kronu. Og so va det kje stort verdt noko tå di. Eg kan best illustrere det med noko småe historiu. Det va hovedsakeleg eg som hadde skotøyhandelen den gongi. Og sko som eg hadde betalt med ein 70-80 kronu paret, dei selde eg te slutt for 5 kronu paret. Og det va fleire ting det gjekk slik med. Eg hugsa eg hadde eit nokso stort mjøllager. Det va forsyningsnemde som hadde med fordeling tå mjøl. Og dei kommo te meg og sporde om kje eg kunna ta eit par mjølvogni som voro kome. Nja, eg hadde godt lagerrom den gongi, og eg sa det at hvis det kje kjem nokon nedslag på prise so kan eg alltids gjera det. Men so kornmo dei og skulde ha betaling for alt detta mjølet. Og eg sa det at eg kan alltids betala, men det va det då at skul det no koma nokon nedgang i priso so vilde eg no vera tapfri på noko. Jau, dei meinte no det. So va det kje mange dagadn ette so gjekk det ned. Mjølet gjekk ned med 20 kronu på sekki. Og ei ganske kort tid ettepå so gjekk det ned atte 10 kronu. Og når eg henvende meg te forsyningsnemden so sa dei det at no hadde dei sendt pengadn, so no va det kje noko å få gjort med di. Eg trur det va ein 200 sekki som eg tok då på den måten, pluss det eg hadde att ifrå forr.

 

1925 Hajem