Folk har fortalt

BONDEN tente i ungdommen hjå ein gjerugknark som ikkje tinde gi arbeidsfolki sine skikkelig mat. Um morgonen fekk Bonden lite nok smør på brødet og til nons fekk han for tunne ostesnei. Ved nonsbordet ein gong heldt han ei osteskive fram for augo og so sa han: "Det er reint merkjeleg korleis eg har bestna på synet. I dag tidleg såg eg ikkje smøret på brødet og no ser eg geitane i Nersetlien gjennom ostesneiet".

And. Mehlum: Hallingdal og hallingen



Kapein D' Unker budde i Gullhaga, som i lang tid var chefsgard. Han var der til han døde so i 1850 aari.
    Daa han laag paa sotteseng vilde prestefrua og kensmannsmadamen sjaa til han. Dei køyrde med gamle Prestblakken, ein gamall stø hest, som aldri hadde øvt noko slags fantestykke, som ein kan skyna naar desse tvo kvendfolki skulde køyre aaleine. Men som dei kommo sunnom Sundre (Larsgarden) stana Blakken og var kje til aa rikke ko dei masa med han, so dei maatte gjera vendereis og snu heimatt. Dette hende ei tid etter at Tælatolleiv var aavkomen. Det var vel han som gjekk att etter deg og stengde vegen, so kje hesten slapp fram.
    Dei sogo ingenting, men hadde dei havt vet til eller sansa paa aa sett gjennom hovudlaget eller gjenom oreringane i sæla, so hadde dei vist faatt sett ho det var.
 
Dølaminne 3-4/1927 


ROTNUMSLARS var i si tid ein mektig mann paa Sundre. Han aatte baade Bygnadsluten og Aasegarden. Men han var stormota og herskesjuk. Han lyste dei ordi at "heile Sundre skulde koke i same grytun og æta or same fate". Til det sa han gamle Grete-Sjugur (Syver Trondson): Jabbu vil e koke i mi eigi gryte og æte i mit eigi fat e!"
   Det vart fant med han Lars, so han til slutt kom paa legd.
 
Dølaminne 3-4/1927


JUNGEN.
Langt nordi fjellet ligg ein fjellstrækning, som heitar Jungsdalen. Han høyrer Hol til, men ligg paa grensa mot Fødalen i Aal.
   Han gamle Tor Knutsen Øen eller Lappegaard fortel at i eldgamall tid budde det i Jungsdalen ein dei kalte "Jungen". Han budde der aaleine og dreiv med veidn, fisking og krytyr. So var det ein gong han hadde faatt vitsmun um at eit røvarfylgi hadde tenkt seg til aa vilde ta paa han og røve han.
   Daa han venta dei, stelte han seg til med ein primsodning, og daa røvarane kom og vilde brotje seg inn, fekk dei den kokandes mysa i augone, so dei maatte gje upp ærendet sitt.
   Denne same Jungen hadde gjennom aari samla ein mængde "heilepeing" (=sylvdalarar), so han hadde mett tvo koparkjelar av desse sylvpengane. Desse pengekjelane gøymde han under "Syrstrandfossen" (i Fødalen), og der staar dei den dag i dag.  ---
   Naar soli renn um morgonen og skin inn i fossen, logar det raudt av kjelane.
   
Dølaminne 1-2/1927