Velkomen til Ål Bygdearkiv


Arkivet tek vare på lokalt stoff i tekst, bilete og lyd. Her kan privatpersonar, lag og bedrifter levere stoff slik at det vert tatt vare på for ettertida.


07.04.25 No er dokumentarfilmen "Då Hans herja" ute. Den kan du sjå på Ål kino.

DaHansHerja_bredde
Filmen er basert på og samansett av ein imponerande mengde innsendte bilete og videoar frå innbyggarar i Ål. Me har fått inn mykje, men om nokon framleis sit med materiale er me sjølvsagt interessert i det til arkivet.
Formål: Dokumentere ”HANS” for ettertida slik innbyggarane i Ål opplevde det. Bilete/mobilvideoar (med relevant info) og tekstar kan framleis sendast til denne epost-adressa:

hans@filmprodusentane.no

eller via opplastlink på nettsida:

www.filmprodusentane.no

Ved avlevering vert retten til å disponere materialet overført til Ål Bygdearkiv.

"Stadnamnregister på KART". 

29.10.24 Ål historielag er i gang med eit prosjekt for å kartfeste "Stadnamnregisteret for Ål" digitalt.
Gå inn på menyvalet til venstre og sjå korleis det ser ut.
15.2.25 Fyrste runde av kartfestinga er ferdig. Me har gått gjennom 9163 stadnamn. Hjelp til med å finne feil og manglar.
Prosjektet er støtta av Språkradet.
 

Arkivet har også ein del tidsskrift og bøker av både eldre og nyare dato. Her finn du bygdebøker frå Hallingdal og nokre stader utanom. Ikkje noko av materialet er til utlån, men det meste kan du få lese hjå oss.

Plakatt_web

Har du noko du ynskjer å bli kvitt, la medarbeidarane i arkivet avgjere om det er interessant å ta vare på eller ikkje.  
 
Har du gitt ut eller skal du gi ut bok, hefte eller anna med lokalt stoff? Kan du vera snill og gi eit eksemplar til arkivet?

Her vil det kome nytt stoff og kanskje nokre endringar jamnleg. Kom innom, og gje oss gjerne beskjed om det er noko du saknar eller om du finn feil.